Dette er ei oversiktsside over ytingar under arbeidsløyse i EØS-land.
EØS-avtalen og Nordisk konvensjon om trygd er avtalar som omfattar overføring av opparbeidde trygderettar.
Du kan på visse vilkår ta imot norske dagpengar eller arbeidsavklaringspengar når du ventar å få arbeid mens du oppheld deg i arbeidssøkjarlandet.
Har du opparbeidd deg dagpengerettar og skal flytte til eit anna EØS-land, kan du ta med deg desse rettane.
Du kan søkje arbeid i Noreg med dagpengar frå eit anna EØS-land.
Du kan ta med deg dagpengerettar opparbeidde dei siste tre avslutta kalenderåra, dersom du flytter frå eit EØS-land til Noreg.
Bur du i eitt EØS-land, men arbeider i eit anna og reiser heim minst ein gong per veke, er du ein såkalla ”grensearbeidar”.
Meld frå om endringar
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.