Dagpengar er ei delvis erstatning for tapt arbeidsinntekt. For å få dagpengar må du registrere deg som arbeidssøkjar hos NAV og vere reell arbeidssøkjar i tillegg til å oppfylle dei andre vilkåra.
Hovudvilkåra for å få dagpengar er at du
Du kan også ha rett til dagpengar dersom du er:
Utgangspunktet er at du kan søkje om dagpengar tidlegast ei veke før første ledige dag.
Først må du registrere deg som arbeidssøkjar på nav.no – eller møte opp på ditt lokale NAV-kontor. Her vil du også kunne få hjelp til å registrere deg elektronisk ved å bruke PC på NAV-kontoret. Du vil også få informasjon om korleis du kan bruke PC for å sende meldekort elektronisk, søkje på stillingar og leggje inn CV-en din.
Du finn søknadsskjema under ”Skjema” i menyen til høgre. Når du har valgt rett skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får også opp eit førstesideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesidearket. Legg førstesidearket øvst i sendinga/brevet.
Dagpengar kan tidlegast utbetalast frå og med den dagen du set fram krav. Datoen du registrerte deg som arbeidssøkjar, blir som hovudregel rekna som dato for krav. Dette forutset at du søker om dagpengar innan rimeleg tid etter at du har registrert deg som arbeidsledig. Som eit utgangspunkt reknar ein fire veker som rimeleg tid. Dersom det har gått meir enn fire veker vil du fyrst kunne få dagpengar frå den datoen NAV har motteke søknaden din, med mindre forsinking skuldast forhold du ikkje sjølv rår over eller kan klandrast for.
Dei fleste søknadene blir normalt behandla innan tre veker.
Meiner du at vedtaket er uriktig, kan du klage. Klagen skal vere skriftleg og skal leverast eller sendast til NAV-kontoret der du bur. Du må halde fram med å sende inn meldekort sjølv om du klagar.
Fristen for å klage er seks veker rekna frå den dagen vedtaket kom i postkassa di. Dersom du har gode grunnar til å klage for seint, kan NAV sjå bort frå tidsfristen.
Dersom klagen blir teken til følgje, får du etterbetalt dagpengar berre for dei periodane du har vore registrert som reell arbeidssøkjar. Du må også fylle dei alminnelege vilkåra for rett til dagpengar.
Meldekortet som du sender inn, fortel om du framleis ønskjer å stå som arbeidssøkjar, og om du har arbeidd, eventuelt kor mange timar du har arbeidd, dei fjorten dagane meldekortet gjeld for. Du må også krysse av for sjukdom, ferie, kurs og andre opplysningar. Meldekorta må vere nøyaktig utfylte og må sendast i rett tid.
Du vil ikkje få utbetalt dagpengar for dei første tre dagane av dagpengeperioden du har fått innvilga. Desse dagane blir kalla ventedagar, og tener som din eigendel.
Berre dagar der alle vilkåra for rett er oppfylte, blir rekna som ventedagar.
Dersom du ikkje har hatt så mange som tre slike dagar dei tre første vekene, til dømes på grunn av arbeid, ferie eller sjukdom, må du søkje om dagpengar på nytt.
Kor mykje dagpengar du får, blir rekna ut etter dagpengegrunnlaget ditt. Dagpengegrunnlaget består av arbeidsinntekt og eventuelle folketrygdytingar du fekk utbetalt i siste kalenderår (i fjor), eller i gjennomsnitt dei tre siste åra før du søkte om dagpengar.
Eingongsstønad ved fødsel og inntekter over 6G (grunnbeløpet i folketrygda) blir ikkje rekna med i dagpengegrunnlaget.
Dagpengane utgjer per dag 2,4 promille av dagpengegrunnlaget. Dette bli i gjennomsnitt 62,4 prosent av tidlegare inntekt før skatt.
Har du bidragsplikt, eller forsørgjer du barn under atten år, får du eit tillegg på kr 17 per barn. Dersom begge foreldra får dagpengar eller arbeidsavklaringspengar, blir tillegget utbetalt til éin av dei.
Du får ferietillegg (feriepengar) dersom du har motteke dagpengar i meir enn åtte veker i kalenderåret. Tillegget utgjer 9,5 prosent av brutto dagpengar som du har motteke i oppteningsåret, og blir vanlegvis utbetalt i månadsskiftet januar/februar året etter oppteningsåret. Dette gjeld sjølv om dagpengeperioden blir avslutta tidlegare.
Lengda er avhengig av kor høg arbeidsinntekt du hadde i kalenderåret før, eller i gjennomsnitt dei tre kalenderåra før du søkjer om dagpengar.
Dagpengane er skattepliktige og blir utbetalte på grunnlag av innsendt meldekort kvar fjortande dag. Er meldekortet riktig utfylt og sendt til rett tid, vil utbetalinga skje seks til tolv dagar etter at meldekortet er sendt.
Utbetalinga blir stansa dersom du ikkje lenger oppfyller vilkåra for rett til dagpengar.
Dersom du får endringa i forhold som kan ha noko seia for den ytinga du får frå NAV, må du straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.