Tidsubestemt lønnstilskott skal medverke til å auke sjansane for ordinært arbeid for personar med varig og vesentleg nedsett arbeidsevne samt medverke til å førebyggje uførepensjonering. Du får ordinær lønn og fast tilsetjing i heil -eller deltidsstilling. Arbeidsgjevar får eit tilskott til løna di.
Kven kan få tidsubestemt lønnstilskott?
Tidsubestemt lønnstilskott kan være aktuelt dersom:
Tiltaket kan brukast av personar både i og utanfor arbeidsforhold.
Kor lenge kan tiltaket vare?
Arbeidsgjevar får tilskott til løna frå NAV som kompensasjon for den reduserte arbeidsevna. Tilskottet kan verte utbetalt så lenge det er nødvendig og hensiktsmessig. Storleiken på tilskottet og kor lenge det skal vare vert vurdert kvart halvår av NAV i samarbeid med verksemda. Ordninga vert basert på aktiv medverknad frå arbeidstakar og arbeidsgjevar si side.
Korleis søkjer du?
Ta kontakt med NAV lokalt.
Dette kan du gjere sjølv
Du kan ta opp spørsmålet om arbeid med lønnstilskott med NAV og med arbeidsgjevar, eventuelt med ein arbeidsgjevar du kan tenkje deg å arbeide hos. Du må hugse på at NAV alltid skal godkjenne forholdet.
Søknadsskjema
Du fyller ut skjema saman med arbeidsgjevar. NAV skal godkjenne at det vert gitt lønnstilskott til arbeidsforholdet på førehand.
Økonomiske ytingar under tiltaket
Som deltakar på lønnstilskott får du utbetalt ordinær løn av arbeidsgjevaren din.