Dette tiltaket kan ein tilby personar som har behov for arbeid i ei skjerma verksemd, med arbeidsoppgåver som er tilpassa yteevna til den enkelte. Varig tilrettelagt arbeid kan ein også tilby som enkeltplassar i ordinære verksemder.
Dersom du har, eller i nær framtid ventar å få innvilga varig uførepensjon og har behov for spesiell tilrettelegging og oppfølging, kan du vere aktuell for tiltaket.
Arbeidet skal bidra til:
å utvikle dine ressursar gjennom tilrettelagt arbeid
å kvalifisere gjennom produksjon av varer og tenester
Du er arbeidstakar etter arbeidsmiljøloven, og det skal liggje ein arbeidskontrakt til grunn for tilsetjingsforholdet.
Tiltaket er ikkje tidsavgrensa. Det skal likevel jamleg vurderast om det kan vere aktuelt med overføring til andre arbeidsmarknadstiltak, utdanning eller formidling til ordinært arbeid.
Ta kontakt med NAV-kontoret der du bur.
Registrere deg som arbeidssøkjar på nav.no
Du får uførepensjon etter folketrygdlova. Om du i nær framtid ventar å få innvilga uførepensjon, vil du behalde den ytinga du har, inntil varig uførepensjon er innvilga.