Permittering inneber at arbeidstakaren er mellombels heilt eller delvis løyst frå arbeidsplikta si på grunn av innskrenking
i drifta eller arbeidsstans bestemt av arbeidsgivar (eventuelt i samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane).
Informer NAV så tidleg som mogleg
- Arbeidsgjevar som vurderer å gå til masseoppseiingar skal så tidleg som mogleg melde dette til NAV. Formålet med meldeplikta
er at NAV skal kunne hjelpe verksemda og arbeidstakarane, for å motverke eller dempe skadeverknadene av arbeidsløysa. Med
masseoppseiingar meiner ein oppseiingar av minst 10 arbeidstakarar innanfor eit tidsrom på 30 dagar. Planlagde masseoppseiingar
får tidlegast verknad 30 dagar etter at NAV er underretta.
- Tilsvarande melding skal arbeidsgjevar gje til NAV dersom minst 10 arbeidstakarar blir permittert utan lønn eller i meir enn
fire veker får arbeidstid kvar veke innskrenka med meir enn 50 prosent.
- Arbeidsgjevar si meldeplikt ved masseoppseiingar og permitteringar fylgjer av arbeidsmarknadslova § 8 og arbeidsmiljølova
§ 15-2.
- NAV har utarbeidd eit eige skjema ”Arbeidsgjevar si meldeplikt til NAV ved masseoppseiingar, permitteringar utan lønn og
innskrenkingar i arbeidstida” som de kan nytte når de sender inn meldinga. Du finn skjemaet under ”Skjema”
- Meldinga skal de sende til NAV-kontoret i det distriktet verksemda ligg. Dersom verksemda er spreidd over fleire distrikt, er det tilstrekkeleg at de melder frå
til NAV i det distriktet der verksemda har hovudsetet sitt.
Meldeplikt til fylkeskommunen etter omstillingslova
Dersom det er planer om å leggje ned ei verksemd der det har arbeidd minst 30 tilsette dei siste 12 månadene, eller det er
planer om å seie opp meir enn ni tidelar av dei tilsette i ei slik verksemd, skal arbeidsgjevar også sende melding om dette
til fylkeskommunen.
- Det går fram av omstillingslova § 3 kva for opplysningar ei slik melding skal innehalde.
Samhandling med NAV
Når NAV har motteke melding om masseoppseiingar eller permitteringar kontaktar NAV verksemda, for å avtale eit snarleg møte
med leiinga i verksemda og dei tilsette sine tillitsvalde.
- Formålet er å avklare situasjonen, informere om kva slag bistand NAV kan gje oppsagte eller permitterte arbeidstakarane, og
diskutere moglege løysingar. Deretter avtalar ein vidare samhandling mellom verksemda og NAV.
- Sjå også ”Omstilling og nedbemanning” under Relatert informasjon.
Bistand til berørte arbeidstakere
Ved masseoppseiingar og permitteringar kan blant anna fylgande bistand til råka arbeidstakarar fra NAV vere aktuelt:
- Informasjonsmøte om arbeidsmarknaden og ledige stillingar og om NAV sine tenester:
dagpengar - rettar og plikter, registrering som arbeidssøkjar, sjølvbeteningstenester på nav.no og arbeidsretta tiltak.
- Individuell informasjon og bistand. NAV har arbeidsretta tiltak som Bedriftsintern opplæring (BIO) og Opplæring (AMO) som
kan gje opplæring til dei tilsette ved større omstillingar. NAV har også andre arbeidsrettede tiltak som kan nyttast ved behov.
Sjå meir under Relatert informasjon om arbeidsretta tiltak.
- Det er ein føresetnad for å mottaka dagpengar at arbeidstakarane registrerer seg hjå NAV og legg fram nødvendig dokumentasjon
Varsel til dei tilsette og lønnsplikt ved permittering
Dei tilsette skal normalt ha varsel om permitteringa seinast 14 dagar før permitteringa trer i kraft. Ved uføreseielege hendingar
er fristen normalt to dagar.
- I permitteringsvarselet skal det opplyses om varselfrist, årsaka til permitteringa og sannsynleg lengde på permitteringstida.
- Sjå elles Dagpengar ved permittering under Relatert informasjon og lov om lønnsplikt under Regelverk til høgre på sida.