NAV samarbeider ofte med verksemder i omstilling der mange tilsette mister – eller står i fare for – å miste jobben.
Omstilling kan skje i samband med
NAV kan i samarbeid med bedrifta hjelpe til med at overtalige raskt kjem i arbeid og dermed motverke at overtalige går ut i arbeidsløyse. For å nå dette målet er det viktig at NAV kjem med i omstillingsprosessen så tidleg som mogleg.
Ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor for informasjon om
NAV har lang erfaring i å finne fleksible løysingar for arbeidssøkjarar og arbeidsgivarar. På kva måte ein best kan gi informasjonen, blir avgjort i samarbeid med ditt lokale NAV-kontor.
NAV har utvikla gode system for å kople etterspurd kompetanse hos arbeidsgivarar med kompetanse hos dei registrerte arbeidssøkjarane. Det er derfor viktig for overtalige snarast mogleg å registrere seg som arbeidssøkjar hos NAV, mellom anna for å avklare behovet arbeidssøkjaren har for kvalifisering. På bakgrunn av dette kan ein tilby opplæring eller arbeidspraksis.
Nav.no har tre yrkesvalprogram som kan hjelpe arbeidssøkjarar som kanskje vurderer å vidareutdanne seg, eller å skifte bransje.
Ledige stillingar som blir melde til NAV, blir raskt formidla til aktuelle arbeidssøkjarar som er registrerte i NAV-systema. Jo raskare overtalige melder seg som arbeidssøkjar, jo raskare vil ho/han komme med i vurderinga av kandidatar til mellombelse og faste stillingar. Lokale NAV-kontor har PC-ar der arbeidssøkjarane kan gjere stillingssøk og skrive jobbsøknader.
NAV hjelper arbeidssøkjarar med å finne jobb og samarbeider med rekrutterings- og bemanningsbyrå om å finne kvalifiserte arbeidssøkjarar til ledige jobbar.
Vikarnett er eit system som blir brukt i fleire byar. Der kan arbeidsgivarar sjølve søkje etter arbeidssøkjarar. Ta kontakt med med ditt lokale NAV-kontor for å avklare om Vikarnett er oppretta i ditt distrikt.
Jobb i andre land? NAV kan i så fall hjelpe gjennom EURES, eit europeisk samarbeidsnettverk som jobbar for å fremje fri rørsle av arbeidskraft mellom dei europeiske landa.
Omstillingsprosessar med nedbemanning kan få verknad for ufaglærte som har arbeidd mange år i same verksemda. Kompetansereforma har som målsetting å gi den enkelte vaksne betre moglegheiter for opplæring og kompetanseheving.