Her finn du forklaringar på omgrepa det er lenkja til frå hovudteksten:
Anna arbeidsvederlag
Det kan til dømes vere akkordoppgjer, provisjon eller overtidsgodtgjersle. Krav om dekning av utgifter til bil, diett o.a. er ikkje omfatta av garantien.
Arbeidsgivaravgift
Det skal betalast arbeidsgivaravgift av lønn eller anna godtgjersle for arbeid som er utført i Noreg, uavhengig av kva tilknyting du eller arbeidsgivaren har til landet. Dersom du har gjort arbeid i eit anna EØS-land og arbeidsgivaren berre kan krevjast slått konkurs i Noreg, kan kravet dekkjast gjennom den norske ordninga sjølv om det ikkje er betalt arbeidsgivaravgift hit. Føresetnaden er at du ikkje vil få lønnsgarantidekning i det landet der du er trygda eller har utført arbeid.
Forfall
Forfall er den vanlege lønningsdatoen din.
Fristdagen
Fristdagen er som regel den dagen då tingretten fekk konkurskravet som førte til at det blei opna konkurs.
Inndrivingskostnader
Dette er kostnader som du eller arbeidstakarorganisasjonen din har hatt i samband med inndrivinga av lønnskravet ditt, til dømes utgifter til påkrav, forliksklage eller stemning.
Lovbestemd oppseiingstid
Det gjeld ei innbyrdes oppseiingstid på éin månad dersom ikkje anna er skriftleg avtalt eller følgjer av tariffavtale. Dersom du har vore samanhengande tilsett i minst fem eller ti år i den same verksemda, gjeld ei innbyrdes oppseiingstid på høvesvis to eller tre månader (minimum). Dersom du blir sagd opp etter å ha vore tilsett samanhengande i ti år i den same verksemda og du har fylt 50, 55 eller 60 år, har du krav på ei oppseiingstid på høvesvis fire, fem eller seks månader.
Oppseiingstida går normalt frå og med første dagen i månaden etter at oppseiinga fann stad.
Kostnader ved fremjing av konkurskrav
Dette er rimelege kostnader som du eller arbeidstakarorganisasjonen din har hatt i samband med fremjing av konkurskrav. Hovudsakleg er det kostnadene som er knytte til sjølve konkurskravet, som kan dekkjast under dette, men òg kostnader knytte til konkursvarselet.
Tariffavtale
Ein tariffavtale er ein avtale mellom ei fagforeining og ein arbeidsgivar eller ei arbeidsgivarforeining om arbeids- og lønnsvilkår eller andre arbeidsforhold.