Publisert 30.10.08
Nye prognoser frå NAV viser at arbeidsløysa vil bli 2,9 prosent i 2010. Ved utgangen av oktober var den registrerte arbeidsløysa på 1,7 prosent. 42 300 personar er no registrert som arbeidslause hos NAV.
Arbeidsløysa har auka med 1 900 personar, eller 5 prosent, samanlikna med oktober i fjor. Korrigert for vanlege sesongsvingingar har det vorte 1 800 fleire arbeidslause den siste månaden.
- For første gong sidan juli 2004 er det ein auke i talet på arbeidslause samanlikna med same månad året før. Arbeidsløysa aukar no raskare og i eit større omfang enn tidlegare venta, men framleis er arbeidsløysa på eit lågt nivå, seier arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie.
I løpet av oktober har arbeidsløysa auka sterkt innan bygg og anlegg og deler av industrien, samstundes som det er færre nye ledige stillingar innan alle yrkesgrupper. Norsk økonomi går no inn i ein lågkonjunktur.
Nye prognosar frå NAV viser at det vert 58 000 registrerte arbeidslause i gjennomsnitt for 2009. Dette er ei oppjustering på 10 000 i høve til prognosen NAV offentleggjorde i september. I 2010 ventar vi at det blir 75 000 arbeidslause.
NAV ventar at det vil bli 16 000 fleire arbeidslause i 2009 enn i 2008. I 2010 vil arbeidsløysa auka med ytterlegare 17 000 personar. Arbeidsløysa vil med dette auka frå 1,7 prosent i 2008 til 2,9 prosent i 2010.
- Prognosane byggjer på at finansmarknaden stabiliserer seg i løpet av dei neste par månadene. Vi føreset også at oljeprisen held seg så høg at det framleis blir vekst i oljeinvesteringane, seier Saglie. Han presiserer at det i dagens situasjon er knytt uvisse til prognosane, men at NAV følgjer utviklinga tett.
Samanlikna med oktober i fjor er det no 1 200 fleire arbeidslause med bakgrunn frå bygg- og anleggsyrke, ein auke på 44 prosent. Innan industriyrka har arbeidsløysa auka med 15 prosent i same periode. Også blant personar med bakgrunn frå yrkesgruppene jordbruk, skogbruk og fiske, meklarar og konsulentar, ingeniør- og IKT-fag og reiseliv og transport er det no fleire arbeidslause enn på same tid i fjor. Arbeidsløysa aukar også blant personar utan yrkeserfaring. NAV ventar redusert aktivitet og forsterka vekst i arbeidsløysa innan bygg og anlegg og andre konjukturutsette yrke.
Arbeidsløysa har gått mest ned innan undervisning der det no er 23 prosent færre arbeidslause enn på same tid i fjor, og innan helse, pleie og omsorg med 11 prosent.
Samanlikna med tal for oktober i fjor blei det registrert 28 prosent færre ledige stillingar i løpet av oktober. Det er ein nedgang i talet på nye ledige stillingar innan alle yrkesgrupper. Innan bygg og anlegg blei det registrert 49 prosent færre ledige stillingar i løpet av oktober i år samanlikna med same periode i fjor. Også innan reiseliv og transport, barne- og ungdomsarbeid samt industriarbeid var nedgangen på over 40 prosent. Ein nedgang i talet på nye ledige stillingar indikerer at arbeidsløysa vil auka i tida framover.
Arbeidsløysa aukar no i dei fleste fylke. Samanlikna med oktober i fjor har arbeidsløysa auka mest i Aust-Agder med 23 prosent og i Vestfold med 15 prosent. Det er berre i to fylke at arbeidsløysa går ned, i Hordaland med 3 prosent og i Nordland med 1 prosent.
Arbeidsløysa er høgast i Finnmark med 2,9 prosent og i Oslo med 2,2 prosent. Den lågaste arbeidsløysa finn vi i Sogn og Fjordane med 1,0 prosent og i Rogaland med 1,1 prosent.