Publisert 21.10.08
Den åttande HMS-dagen vart arrangert på Skei Hotell torsdag 16. oktober. Dette er eit årleg arrangement som partane i arbeidslivet,
gjennom Koordineringsgruppa for Inkluderande Arbeidsliv, står bak.
NAV Arbeidslivssenter dreg lasset når det gjeld sjølve gjennomføringa. HMS-dagen har utvikla seg til å bli ei god blandig både av fag og litt kultur, men har også etter kvart vorte ein møteplass for å få kontaktar og å byggje nettverk.
Kulturdelen vart i år ivareteken på ein glitrande måte av fire elevar frå musikklina ved Firda vidaregåande skule. Vi som var til stades vil hugse det og alle dei andre gjekk glipp av noko.
Seniorkonsulent ved Norges Handelshøgskole Nils-Helge Fjeld hadde hovudinnlegget: "Lederne må gå foran." Tema knytt til omstilling og endringsutfordringar vart også utdjupa i den eine av to parallellar.
Elles nemner vi at Kjartan Olafsson hadde ein nyttig gjennomgang av den nye sjukemeldingsblanketten og at den faglege delen vart avslutta av Anne Gerd Samuelsen, med det mange vil karakterisere som eit fyrverkeri av ei framføring med fokus på helse og arbeidsglede, kommunikasjon og samspel.
Dagen vart avslutta med utdeling av "Eldsjelprisar" til to personar som i sine verksemder, kvar på sin måte, har gjort noko ekstraordinært for HMS og for sitt eige arbeidsmiljø.
Powerpointpresentasjoner frå alle innlegga, finn du i lenkjene til høgre.
For meir informasjon, kontakt Kåre Gimmestad, NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane, tlf. 958 99024.
Seniorkonsulent ved Norges Handelshøyskole Nils-Helge Fjeld heldt hovudinnlegget på HMS-dagen