Publisert 16.04.08
Linda Kristinsson reknar med at ho vil møte på spanande utfordringar når ho tek til i sin nye jobb som leiar i NAV Ulvik.
Linda Kristinsson trer 15.mai inn i stillinga som leiar for NAV Ulvik. Kristinsson kjem frå stillinga som sosialleiar i Ulvik kommune. Ho er utdanna sosionom gjennom tre år på høgskule, og har mange år i helsevesenet bak seg.
- Eg ser på min sosialfaglege bakgrunn som ein fordel i min nye jobb. Erfaringane frå mitt tidlegare arbeid er noko eg vil ta med meg vidare inn i NAV, seier Kristinsson.
Kristinsson meiner dei tre som allereie arbeider ved kontoret i Ulvik får ei ekstra utfordring i at oppgåvene frå tidlegare Aetat no blir ført over til dei. – Ingen på avdelinga har erfaring frå arbeidsbiten, seier ho. – Det blir mykje nytt å forholde seg til, og mange nye utfordringar.
Den komande leiaren for NAV Ulvik er ikkje enno heilt budd på kva som vil møte henne i hennar nye jobb, men har trua på at møtet med NAV vil bli ei spanande utfordring, både for henne og for hennar kollegaer.