Publisert 14.04.08
Annie Lise Mjåtvedt starta 1.februar i jobben som leiar i NAV Radøy, men har sidan 1.mai i fjor vore tilsett som trygdesjef. NAV Radøy opnar i mai/juni.
Mjåtvedt er utdanna cand.polit. med diverse samfunnsfag og hovudfag i samanliknande politikk. Ho har mange år bak seg i Aetat/NAV Arbeid og sosialteneste, og har i tillegg jobba hjå fylkeslegen.
- Eg møtte mange utfordringar som ny i trygdeetaten. Mykje av arbeidet bestod av forvaltningsoppgåver, utbetalingar og rekneskap, noko eg ikkje hadde så mykje erfaring med frå tidlegare, seier Mjåtvedt. - Etter kvart har oppgåvene blitt meir like dei eg tidlegare hadde i NAV Arbeid og sosialteneste: oppfølging, tiltak og samtalar med brukarane, fortset ho.
Etableringsprosessen mot å bli eit fullverdig NAV-kontor har vore ei stor, men samtidig spanande utfordring for Mjåtvedt så langt. Denne prosessen er no i sluttfasen. – Framover blir utfordringa å integrere både sosial, trygd og arbeid sine tenester i same kontor, og gje brukarane betre og meir samordna tenester, fortel ho. – Dessutan skal fleire medarbeidarar byrje med nye oppgåver og arbeide på ein ny måte. Dette er krevande for alle medarbeidarar, kanskje spesielt for leiaren. I vårt kontor har vi god kompetanse til å møte dei nye utfordringane, seier Mjåltvedt, som samtidig peikar på at sjølve omstillinga og ombygginga tek mykje energi. – Det skal bli godt når alt dette er på plass og vi kan konsentrere oss om oppgåva med å gje brukarane eit godt tilbod.