Publisert 31.03.08
Fredag 28.mars vart Hordaland sitt tolvte NAV-kontor, NAV Austrheim opna. NAV Trygd, NAV Arbeid og kommuna si sosialteneste slåast med dette saman til eitt kontor. Austrheim er først ut i Nordhordland.
- Vår visjon er at vi er menneske med moglegheiter, sa leiar for NAV Austrheim Torill Heldal Hansen under opningsseremonien. – Vi har eit stykke igjen enno, vi går litt i upløgd mark. Kompetansebiten er den største utfordringa. Vi tek dette steg for steg, og håper at vi til slutt kjem i mål, sa Hansen, før ho overraska med eit dikt – ”om å bli omorganisert”.
Vidare var det tid for snorklipping ved ordførar Ole Lysø, før gjestane fekk omvisning i dei nybygde lokala. Fine kontor som er både inviterande og funksjonelle har vore viktig å få til for å møte brukarane på ein god måte.
Jørn Skauge, som er kontorlærling på bygget, stod for den kulturelle biten av opningsseremonien, og imponerte med sine fingerferdigheiter på piano. Deretter stod folk i kø for å kome med helsingar og lukkeønskingar.
I si helsing frå kommuneleiinga i Austrheim, rosa Olav Mongstad dei ansette for deira tolmod. – Takk for innsatsen under omleggingsperioden, sa Mongstad til dei tilsette, som har vore plasserte rundt om i bygget under omlegginga.
– Torill, som er leiar her, skal bidra til handling og samhandling, og samtidig vere tydeleg og raus, fortsette Mongstad, som også understreka at om Hansen ikkje har fått all makt i verda, så får ho i alle fall all makt i NAV Austrheim.
- Med dette er tolv av i alt førti kontor i Hordaland i gong. I Austrheim har vi seks ansette som har vore aktive i etableringa og som har omstilt seg, samtidig som dei har yta god service, sa Jan Kjærner-Semb frå fylkesleiinga i NAV Hordaland. - Første mål er nådd. Kontoret, sjølve ”grunnmuren”, står klar. Vidare ventar nye arbeids- og samhandlingsprosessar.
Det kom også helsingar frå barnehagar og skular i kommunen, og frå kontor i nabokommuner. Leiar Hansen mottok fleire gåver, mellom anna ein navar, som skal stå for løysing av utfordringar, frigjering av ressursar og å glede seg over resultatet.