Publisert 02.02.12
Hjelpeskjema utarbeidd av NAV for heile landet finn du ved å klikke på menypunktet "Skjemaer" i kolonna til venstre.
I kolonna til høgre, under relatert informasjon, finn du hjelpeskjema og sjekklister for område som ikkje er dekt av dei
nasjonale hjelpeskjemaene.
Frå februar 2011 skal alle brukarsaker sendast pr post til eit sentralt postmottak i NAV. Den som skriv søknad og bestiller
hjelpemiddel må fylle ut alle skjema på www.nav.no for å få rett framside i søknadsbrevet. Klikk på første lenka i kolonna til høgre, under "Relatert informasjon" dersom du
vil vite meir om korleis søknadar skal skrivast etter den nye måten.
Du finn nasjonale hjelpeskjema under menypunktet "Skjemaer" i kolonna til venstre. Desse skal brukast. Vi har utarbeidd lokale hjelpeskjema for fleire område som ikkje er dekka av dei nasjonale hjelpeskjemaene. Du finn dei i kolonna til høgre under "Relatert informasjon".
Dei lokale hjelpeskjema skal også knytast opp mot ei unik framside og sendast til det sentrale postmottaket for scanning likt
med dei nasjonale hjelpeskjema.
Skjema er publisert i PDF-format. PDF er ein open standard. Formatet viser dokumenta uendra uavhengig av operativsystem og
maskinvare. For å kunne lese strekkoden på den nye framsida, er det heilt avgjerande at utskriftsinnstilling; sideskalering, er sett til "ingen" eller "none".