Treng du kvalifisering, arbeidstrening eller andre tiltak før du startar jobbsøking, er det fornuftig å leggje ein plan for dette - ein aktivitetsplan.
Det første du må bestemme deg for, er
Er du usikker på dette, kan du bruke rettleiingsverktøya. Du kan også få rettleiing på ditt lokale NAV-kontor.
Når målet er klart, kan du vurdere ulike tiltak for å nå målet:
NAV-kontoret ditt kan gi deg nærmare orientering om moglegheitene.
Når du set opp aktivitetsplanen, spesifiserer du målet og dei tiltaka du har valt, så nøye som du kan. Dato for start og avslutning av kvart enkelt tiltak bør vere med, og du bør setje ein dato for når kvalifiseringa er avslutta, og du er klar til å ta ein jobb.
Det kan også være fornuftig å tenke gjennom kva du vil gjere dersom dei tiltaka du har valt, ikkje skulle vere tilgjengelege for deg, til dømes dersom du ikkje kjem inn på den skolen du ønskjer. Dette kan du kalle "alternativ plan" eller "alternative tiltak".
Du kan få hjelp av NAV-kontoret ditt til å utarbeide ein slik handlingsplan. Dersom du mottar arbeidsavklaringspengerer, skal NAV godkjenne planen. Skal du finansiere tiltaka på ein annan måte, kan det vere fornuftig å setje opp ein finansieringsplan.
Ved gjennomføringa av kvart enkelt tiltak (eventuelt skoleår eller semester) har du nådd ein milepæl, og gjennomføringa bør vurderast. Er resultatet tilfredsstillande? Dersom ikkje, kva kan årsaka vere? Vil det vere riktig å justere planen og vurdere eit alternativt tiltak? Eller var målet for ambisiøst? Når NAV deltek i finansieringa av tiltaka, gjer du denne vurderinga saman med NAV.
Når aktivitetsplanen er gjennomført, eller kanskje helst litt før, er du klar til å søkje jobb.