Grunnstønad kan ein gi til å dekkje – heilt eller delvis – ekstrautgifter som ein har fått på grunn av ei liding.
Du kan ha rett til grunnstønad dersom du har nødvendige ekstrautgifter på grunn av varig sjukdom, skade eller lyte. Med ekstrautgifter er meint utgifter som friske personar ikkje har. Grunnstønad blir ikkje gitt til eingongsutgifter, men til utgifter som ein stadig har. Ekstrautgiftene må tilsvare minst grunnstønad sats 1.
Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen som vi treng for å behandle søknaden. Du kan inngå ein serviceavtale med ditt lokale NAV-kontoret om dette.
Søknaden sender du til NAV-kontoret der du bur.
Maksimal behandlingstid for søknad om grunnstønad er fem månader.
Du kan få stønad til
Grunnstønad blir gitt etter seks satsar.
Utdjupingar
Enkelte diagnosar, som til dømes cøliaki, gir rett til grunnstønad etter fastsette satsar utan nærmare dokumentasjon av ekstrautgiftene. For andre diagnosar som inneber matintoleranse og fordyra kosthald til diett, må ekstrautgiftene vurderast konkret.
Ekstrautgiftene på grunn av slitasje på klede og sengeklede omfattar også sko og støvlar. Slike ekstrautgifter kjem anten av uvanleg ofte vasking, eller at sjølve bruken fører til ekstra slitasje.
Avgrensingar
Ein får ikkje dekt utgifter til transport dersom funksjonsevna blir nedsett etter at ein fylte 70 år. Med ”ekstra” transport er meint at du må bruke annan og dyrare transport på grunn av sjukdom osv. enn andre som bur på same staden. Elles er det inga aldersgrense for å ha rett til grunnstønad.
Ein gir ikkje grunnstønad til kjøp av protesar og støttebandasjar, men til å dekkje utgifter som heng saman med bruken av desse.
Når blir pengane utbetalte?
Grunnstønaden er skattefri og blir utbetalt ein gong i månaden.
Satsane gjeld frå 1. januar 2010.
|
Sats
|
Beløp per år
|
Beløp per månad
|
|---|---|---|
| 1 | 7 308 kr. | 609 kr. |
| 2 | 11 160 kr. | 930 kr. |
| 3 | 14 652 kr. | 1 221 kr. |
| 4 | 21 576 kr. | 1 798 kr. |
| 5 | 29 268 kr. | 2 439 kr. |
| 6 | 36 564 kr. | 3 047 kr. |