Publisert 25.08.09
- Vi er glad for at vi no kan setje i gang "Ung med mentor"-prosjektet her i fylket. Vi har stor tru på å kople unge personar på veg inn i arbeidslivet med leiarar frå privat og offentleg sektor som mentorar, seier Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane.
- FARVE-programmet er forsøksmidlar innan arbeids- og velferdsområdet, og målet med midlane er å prøve ut metodar og tiltak for å inkludere fleire i arbeidslivet og medverke til ein meir meiningsfylt kvardag. Vi får nesten 400 000 kr til prosjektet i år, og det varer i to og eit halvt år. Vår målgruppe er todelt, unge straffedømte og unge minoritetsspråklege. No startar jobben med å rekruttere både deltakarar og mentorar til prosjektet, fortel Henden.
- Eg har tru på ein-til-ein-kontakten mellom mentor og deltakar. Næringslivet i fylket vårt har ein flott tradisjon med å bidra til lokalsamfunnet på ulike måtar, sponsing av kultur og idrett, dugnadsjobbar til lag og organisasjonar er med på å knytte band mellom arbeidslivet og lokalsamfunnet. Små og store bedrifter i Sogn og Fjordane er også flinke til å ta inn ungdom på ulike arbeidstreningstiltak. Å vere mentor er ein viktig del av samfunnsengasjementet til næringslivet, det vil vere spanande og utviklande både for den erfarne og den ferske leiaren. Eg trur mange leiarar vil ønskje å vere ein del av dette prosjektet, seier Tove Rygg, avdelingsdirektør i NAV Arbeidslivssenter.
- Eg trur koplinga mellom unge og mentorar vil vere nyttig og lærerikt for begge partar. Eg jobbar inn mot fengselet i Vik i dag, og ser at kontakt med ein mentor kan vere eit viktig bidrag på veg inn i arbeidslivet. Mentorane veit kva som må til for å vere ein god arbeidstakar, og kan nok både utfordre og støtte deltakarane i prosessen fram mot arbeid og aktivitet, seier Linda Vibeke Holstad, prosjektmedarbeidar i Ung med mentor.
Styringsgruppa for ”Ung med mentor”-prosjektet er: Direktør Per Sigurd Våge i Kriminalomsorga region Vest, distriktssekretær Arvid Langeland i LO Sogn og Fjordane, Ruth Premini i KIM (Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene), Trine Lerum Hjellhaug i Lerum fabrikker AS og Tore Thorsnes, direktør i NAV Sogn og Fjordane.
Ønskjer du meir informasjon om Ung med mentor? Kontakt prosjektleiar Vibeke Johnsen, vibeke.johnsen@nav.no.