Ordinær personbil blir gitt som behovsprøvd tilskott (sjå sats nedanfor). Ved behovsprøving tek ein omsyn til inntekta du og eventuelt ektefellen har samd forsørging av barn under 18 år.
Du kan sjølv velje kva slags bil du vil kjøpe. Du har ansvaret for å sørgje for at bilen er føremålstenleg for deg, og at han kan tilpassast dine behov. Kommunehelsetenesta eller hjelpemiddelsentralen kan gje råd om kva biltyper som egner seg for ombygging. Dersom du vel ein bil som kostar mindre enn du har fått tilskott til, blir tilskottet avgrensa til det bilen kostar.
Du kan i tillegg få stønad til nødvendige tilpassingar av bilen.
Du kan fritt byte bil så mange gonger du vil. Etter elleve år kan du søkje om ny stønad. Etter desse elleve åra rår du over bilen som du vil. Dersom helsetilstanden din endrar seg i løpet av denne tida slik at du får behov for ein gruppe 2-bil, kan du få stønad til dette uavhengig av kor lenge det er sidan førre søknad.
Gjelder fra 1. januar 2012.
|
Tilskuddsbeløp bil gruppe 1
|
|
|---|---|
| Beløp for 2012 | inntil kr 151 620 |