Publisert 26.06.08
NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane hjelper funksjonshemma med å få løyst praktiske problem i heim, skule og arbeid.
Personar som har varig og vesentlig innskrenka funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade eller lyte, kan få stønad til hjelpemiddel frå folketrygda.
Hjelpemiddelsentralen er eit ressurs- og kompetansesenter på andrelinjenivå, og har et overordna og koordinerande ansvar for formidling av tekniske hjelpemiddel til funksjonshemma og tolketeneste for døve og døvblinde.
26.06.08
Ny liste over kontaktpersonar, fagkontaktar og bestillarar.
Ved behov for endring av lista, ta kontakt.
Endringar av lista kan sendast til: nav.hms.sognogfjordane@nav.no
Vi ønskjer alle ein riktig God sommar!
12.06.08
Oppdatert lagervareliste
Hjelpemiddel som har fått nye nummer er merka med blått i bestillingslista. Her finn du dei hjelpemidla vi oftast leverer ut, og difor har som lagervare. Lista vert berre publisert her, og vi kjem til å oppdatere den etter kvart som det trengst.
07.05.08
Statistikk for hjelpemiddelformidling i Sogn og Fjordane 2007
18.03.08
Bestillingsordninga
I staden for å fylle ut søknadsskjema med ei grunngjeving på kvifor ein meiner at eit hjelpemidlet er naudsynt og tenleg, kan formidlar som er godkjend for det, hjelpe brukar med å bestille hjelpemiddel frå ei bestillingsliste. Føresetnaden for å få hjelpemiddel gjennom bestillingsordninga er at brukar tidlegare har fått innvilga hjelpemiddel via ordinær søknad.