Reiser til arbeid og utdanning blei etablert som ei forsøksordning i august 2001. Den inneber at du kan få transport til og frå arbeid eller skole til same prisen som ein bussbillett. Ordninga er forlenga ut 2011.
Funksjonsvanskane må vere varige, det vil seie meir enn eitt år. Transportbehovet kan vere kortare. Ved vurderinga skal ein ta omsyn til om ei reise kan vere ei så stor belastning at ho hindrar deg i å fungere tilfredsstillande i arbeids- eller utdanningssituasjonen. Blinde og svaksynte er også omfatta av ordninga.
Om det manglar eit kollektivtilbod i nærmiljøet ditt, er ikkje det aleine grunn til å få dekt utgifter til transport dersom du i utgangspunktet er frisk nok til å bruke offentleg transportmiddel.
Du betaler ein eigendel på transporten som tilsvarer den rimelegaste transporten med offentleg kommunikasjon der du bur.
Transporten din skal samordnast med andre dersom det er føremålstenleg og ikkje fører til store ulemper for deg.
Du får ikkje dekt transport dersom
Eller du allereie får dekt
Reiser som er ein del av jobben skal dekkjast av arbeidsgivar.
Frå og med 2010 er maksimalt stønadsbeløp kroner 25.000 per månad.
Dersom du tek imot grunnstønad til transport og dette ikkje dekkjer dei reelle utgiftene, kan du søkje om å få dekt det resterande transportbehovet ditt. Alternativt kan du seie frå deg grunnstønaden og få full dekning gjennom forsøksordninga.
Dersom vêrforholda er vanskelege i periodar av året, eller dersom du har bilen til reparasjon lenger enn ei veke, kan du få dekt transportbehovet ditt ved denne ordninga, sjølv om du alt tek imot stønad til bil frå folketrygda.
Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen som hjelpemiddelsentralen treng for å behandle søknaden.
Vedlegg til søknaden
Dersom du prøver å få arbeid eller studieplass, kan du søkje om førehandsgodkjenning av transport. Når du har fått arbeid eller studieplass, sender du etter dokumentasjon på dette.
Søknaden skal sendast til:
NAV Forvaltning Oppland,
Serviceboks
2626 Lillehammer
Tlf.: 61 41 79 70
Du kan også sende søknaden til lokalt NAV-kontor som vil vidaresende søknaden.