Om du kan ta med deg hjelpemiddel til utlandet, er avhengig av kvar du skal og kor lenge du blir borte.
I utgangspunktet kan du ta med deg hjelpemidla dine på feriar og kortare opphald i EØS-land.
Flytter du til utlandet, eller skal opphalde deg der meir enn 12 månader, må du søkje NAV Utland om å få behalde hjelpemidla. Det gjeld også dersom du bur i utlandet og søkje om hjelpemiddel i Noreg.
Har du bustad eller mellombels opphald i Noreg og skal opphalde deg i utlandet kortare enn 12 månader, må du kontakte NAV Hjelpemiddelsentral.
Har du fått bil gjennom Folketrygda, kan du reise ut av landet både i og utanfor EØS i inntil tre månader utan å søkje.
Dersom det er særlege grunnar for det, kan du søkje om dispensasjon for å kunne ta med bilen utanlands i meir enn tre månader. Søknaden skal sendast til NAV-kontoret i kommunen du bur.
Dersom du har fått stønad til briller/kontaktlinser, forstørringsbriller, kikkertbriller, høreapparat, manuell eller elektrisk rullestol eller anna middel til å ta deg fram på eiga hand, har du rett til å ta desse med deg til eit EØS-land.
Skal du på ferieopphald i land utanfor EØS, kan du søkje om å få ta med deg hjelpemiddelet.
Flytter du til utlandet, skal som hovudregel hjelpemiddelet skaffast lokalt etter avtale med NAV Helpemiddelsentral/NAV Utland.
Bur du i eit anna EØS-land, skal du først søkje om hjelpemiddel i det landet du bur. Får du avslag, kan du søkje om hjelpemiddel frå Noreg.
Flytter du til eit land utanfor EØS-området, skal hjelpemiddelet leverast tilbake til NAV Hjelpemiddelsentral.
Dersom du har fått lov til å ta med deg eit hjelpemiddel til utlandet, har du rett til å få det reparert dersom det blir øydelagt. Du må kontakte NAV Hjelpemiddelsentral som godkjende søknaden.